Me gjekk inn, og fann oss eit uforgløymeleg behagelig sete kvar. Mette snakka som vanleg om alt som falt ho inn, og Anja og Ingrid svarte på det som måtte svarast på.
Etter ca 20 min på toget kom me endeleg fram til den vakre bygda Vaksdal.
Og til våre store overraskelse fann me ut at det var hus på Vaksdal!
Me begynte å gå oppover den bratte, lange og ikkje minst interressante bakken opp til bakeriet. På toppen fann me det store, butikkfulle senteret. Der venta ein hyggjeleg og pratsom omvisar på oss. han viste oss rundt, og me fekk lage VAKRE marsipanrundingar.



Etter det uforgløymelege besøket og omvisninga åt me nokre fantastisk gode bollar, før me sette kursen nedover mot togstasjonen igjen. Bakken var fortsatt like bratt og lang, men denne gongen gjekk det nedover.

Den fann me som grådig spanande og ein fin plass til å søkje ly for regnet. Der såg me litt på togsporene(som også fort kunne vore ei elv) og fann ut at det lukta hundemat der. mMm:)
Etter litt sulling og dulling gjekk me ned til venteskuret, og inn i den særdeles flotte og ekkorike rommet. Der var det ei dør.

Den syntes Mette var utrulig spanande, og ho berre måtte opne den.
Men til hennar store overraskelse var den låst!:( Anja syntes at det var utrulig morosamt at Mette gjorde dette, og tok selfølgeleg eit vakkert bilete i den grusamme augeblinken for Mette. Så ankom det eit tog til stasjonen. Me gjekk ut, men til vår forferdelse skulle toget til Voss. Mette kom då med sin vakre, blonde uttalelse. "Går dette toget om Bergen til Voss?? For då kan me jo ta det...?" Men heldigvis var det visse andre som var litt mindre blonde, og me klarte etter litt strev å komme oss på det rette toget.
Togturen tilbake gjekk strålande, og me fekk fin balansetrening ved å stå heile vegen tilbake til Arna stasjon.
Etter at me ankom Arna lærte Anja noko nytt. Nemleg at Arna ligg 8 moh, noko som fasinerte ho stort. :)

Me hadde ein fin dag, og håpar at du og hadde det. Om du ikkje har vore på Vaksdal før vil me anbefala ein tur dit på det sterkaste:D







